Kva er vidaregåande opplæring?

Ungdom som har fullført grunnskule eller tilsvarande opplæring, har lovfesta rett til tre års vidaregåande opplæring (ungdomsrett).

Vidaregåande opplæring byggjer på 10. trinn i grunnskulen, og fører fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse. Du må sjølv søkje om vidaregåande opplæring, og det gjer du på vigo.no. Søknadsfristar er 1. februar for særskilt inntak og 1. mars for ordinært inntak.

Vidaregåande opplæring vert vanlegvis gitt som 3 år i skule eller som 2 år i skule og 2 år i bedrift, men det fins også andre alternative måtar å gjennomføre opplæringa på. Oversiktsbiletet nedanfor viser hovudstrukturen i den vidaregåande opplæringa.

 
 

Studieførebuande opplæring

Den studieførebuande opplæringa legg mest vekt på teoretisk kunnskap, og gir studiekompetanse. Du kan oppnå generell studiekompetanse ved å fullføre og bestå Vg1, Vg2 og Vg3 frå fylgjande utdanningsprogram:

  • Idrettsfag
  • Kunst, design og arkitektur
  • Medium og kommunikasjon (studieførebuande Vg3)
  • Musikk, dans og drama
  • Studiespesialisering
  • Naturbruk (studieførebuande Vg3)
  • Eit yrkesfagleg utdanningsprogram (Vg1 og Vg2 eller oppnådd yrkeskompetanse) + Vg3 påbygging til generell studiekompetanse

Har du generell studiekompetanse, kan du søkje opptak til dei fleste faga ved universitet og høgskular. Studiekompetanse i seg sjølv gir ingen garanti for at du kjem inn, du må òg ha gode nok karakterar ut frå dei krava universitetet eller høgskulen stiller. Enkelte studie stiller i tillegg krav om spesiell studiekompetanse, det vil i dei fleste tilfelle sei at du må ha spesielle programfag frå vidaregåande. Enkelte studier har også opptaksprøver, denne finn du meir informasjon om på det aktuelle studiet.


Yrkesfagleg opplæring

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke, og gir yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Vel du yrkesfagleg opplæring, kan du gå ut i yrkeslivet etter 3–5 år, eller du kan ta vidareutdanning, f.eks. ved ein fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse dersom du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.
 

Lærling

I vidaregåande opplæring er det om lag 180 programområde som fører fram til yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev. Desse kallar vi lærefag. I dei fleste lærefaga går dei to første åra av opplæringa føre seg i skule (Vg1 og Vg2). Deretter fylgjer Vg3 med to års læretid i bedrift, der eitt av åra er opplæring og eitt er verdiskaping. Til vanleg tek det fire år å få fag- eller sveinebrev for lærlingar, eller kompetansebevis for lærekandidatar.

I nokre få lærefag er det eit Vg3 i skule før opplæringa vert avslutta med eitt og eit halvt eller to års læretid i bedrift. Kva lærefag dette gjeld, kan du sjå under utdanningsprogram og programområde.

Dersom du tek sikte på å avlegge fag- eller svenneprøva i eit lærefag, kan du inngå lærekontrakt med ei lærebedrift. Opplæringskontora har eit stort nettverk av lærebedrifter som dei samarbeider med i opplæringa av lærlingar.
 

Lærekandidat

Dersom du tek sikte på ei mindre omfattande prøve enn fag- eller sveineprøve, kan du inngå opplæringskontrakt med ei lærebedrift. Då er du lærekandidat, og tek ei kompetanseprøve etter avsluttaopplæringsløp. Viser det seg i løpet av læretida at du likevel kan oppnå yrkeskompetanse, kan opplæringskontrakta etter samtykke frå fylkeskommunen endrast til ordinær lærekontrakt med fag-/sveinebrev som mål. Les meir her.
 

Privatist

Ynskjer du å ta fag i videregående skule, så kan du gjere det ved å melde deg opp som privatist. Privatistar er ansvarlege for eiga opplæring og undervisning, og må sjølv melde seg opp til eksamen.

Oppmelding til eksamen må gjerast på privatistweb.no , og i Sogn og Fjordane er fristane 15. september for hausteksamen, og 1. februar for våreksamen. Du må ta privatisteksamen i det fylket der du melder deg opp.
 

Har du spørsmål om vidaregåande opplæring?

Er du usikker på kva utdanningsprogram du skal velje, eller har du spørsmål i forbindelse med søknad ol. ? Hos rådgjevaren på din skule kan du få meir informasjon om vidaregåande opplæring for ungdom.