Utdanning i utlandet?

Det fins mange moglegheiter for å studere og jobbe i utlandet, og eit utanlandsopphald kan ha mange fordelar. Det å lære seg eit nytt språk og auke forståelsen for andre kulturar gjer deg meir attraktiv på arbeidsmarknaden, som etterkvart vert meir og meir internasjonal.

Ein kan ta både vidaregåande og høgare utdanning i utlandet, og det er viktig å bruke tid på å orientere seg om kva moglegheiter som fins dersom dette er aktuelt for deg. Det er viktig å sette seg inn i kva utdanningstilbod som fins, søknadsfristar, opptakskrav, økonomiske ordningar, godkjenningar mm.  På denne sida finn du mykje nyttig informasjon når det gjeld utdanning i utlandet, du finn også andre nyttige lenkjer til høgre på denne sida.

Mange høgskular og universitet har studie der studentane kan ta eit eller fleire semester i utlandet som ein del av sitt studieprogram.

Senter for internasjonalisering av utdanning, SIU, har fleire program for kortare eller lengre studieopphald utanlands, som ein kan søkje om både individuelt og gjennom studiestaden.