Har du grunnskuleutdanning eller tilsvarande?

Har du fullført minimum 9 år grunnskule frå utlandet, men ikkje fullført vidaregåande opplæring, kan du ha rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Retten gjeld frå det året ein fyller 25 år, og ein må vere norsk statsborgar eller ha gyldig opphaldsløyve for å få rett til opplæring.

For å få eit godt utbyte av undervisninga, er det ein fordel at du har kunnskap på nivå med norskprøve B1 skriftleg og munnleg før du tek til på vidaregåande opplæring. Årsak til dette er at all opplæring, innleveringar og vurderingar er på norsk, med unntak av språkfaga. Ta kontakt med ditt næraste karrieresenter for meir informasjon om vidaregåande opplæring for vaksne.

Viss du ikkje har fullført grunnskule eller tilsvarande, må du gjere dette før du kan søkje om vidaregåande opplæring. Ta kontakt med kommunen du bur i for meir informasjon om grunnskuleutdanninga.