Tilbod til ungdom

  • Skal du velje utdannings- eller yrkesretning, men er usikker på kva veg du skal gå?
  • Ynskjer du hjelp til å fylle ut søknader til vidare skulegang eller høgare utdanning?
  • Treng du råd og tips for å skrive jobbsøknad eller CV?

Vi kan tilby individuell rettleiing og hjelp til alle unge som ikkje går på skule.
Er du elev i grunnskule eller vidaregåande skule, skal du nytte rådgjevar/rettleiiar ved skulen du går på.

Ungdom som har fullført grunnskule eller tilsvarande opplæring, har lovfesta rett til tre års vidaregåande opplæring (ungdomsrett). Alle elevar i grunn- og vidaregåande opplæring har òg lovfesta rett til studie- og yrkesrettleiing på skulen.

Du finn meir informasjon om ungdomsrett her

Aktuelle lenkjer:

vilbli.no
vigo.no   
utdanning.no

Debra foto A/S