Tilbod til ungdom

  • Skal du velje utdannings- eller yrkesretning, men er usikker på kva veg du skal gå?
  • Ynskjer du hjelp til å fylle ut søknader til vidare skulegang eller høgare utdanning?
  • Treng du råd og tips for å skrive jobbsøknad eller CV?

Vi kan tilby individuell rettleiing og hjelp til alle unge som ikkje går på skule.
Er du elev i grunnskule eller vidaregåande skule, skal du nytte rådgjevar/rettleiiar ved skulen du går på.

Ungdom som har fullført grunnskule eller tilsvarande opplæring, har lovfesta rett (ungdomsrett) ut det skuleåret som startar det året du fyller 24 år. Alle elevar i grunn- og vidaregåande opplæring har òg lovfesta rett til studie- og yrkesrettleiing på skulen.

Du finn meir informasjon om ungdomsrett her

Aktuelle lenkjer:

vilbli.no
vigo.no   
utdanning.no

Debra foto A/S