Generell studiekompetanse

Har du generell studiekompetanse, kan du søkje opptak til dei fleste faga ved universitet og høgskular. Studiekompetanse i seg sjølv gir ingen garanti for at du kjem inn, du må òg ha gode nok karakterar ut frå dei krava universitetet eller høgskulen stiller. Du kan oppnå generell studiekompetanse ved å fullføre og bestå vg1, vg2 og vg3 frå fylgjande utdanningsprogram:

  • Idrettsfag
  • Musikk, dans og drama
  • Studiespesialisering
  • Medium og kommunikasjon (studieførebuande Vg3)
  • Naturbruk (studieførebuande Vg3)
  • Eit yrkesfagleg utdanningsprogram (Vg1 og Vg2 eller oppnådd yrkeskompetanse) + Vg3 påbygging til generell studiekompetanse

Det fins unntak frå kravet om studiekompetanse for enkelte studie, og det er tilleggskrav ved nokre studie. Meir informasjon om dette finn du her.

23/5-regelen

Viss du ikkje har generell studiekompetanse frå vidaregåande skule, kan du likevel søkje opptak ved enkelte universitet eller høgskular. Dersom du fyller 23 år eller meir det året du skal søkje om opptak, kan du kvalifisere deg på grunnlag av 23/5-regelen. For å få generell studiekompetanse gjennom 23/5-regelen må du oppfylle desse tre vilkåra:

  • Du må fylle 23 år eller meir det året du søkjer om opptak.
  • Du må ha fullført og bestått alle dei seks studiekompetansefaga.
  • Du må dokumentere minst 5 års arbeidspraksis og/eller utdanning.

Studiekompetansefaga

Dei seks studiekompetansefaga er norsk (hovudmål, sidemål og munnleg), engelsk, historie, samfunnsfag, matematikk og naturfag.

Desse seks studiekompetansefaga tilsvarar eitt år på vidaregåande skule, men du kan også ta faga som privatist. På www.vilbli.no finn du informasjon om kor du kan ta desse faga.

Enkelte høgskulestudie har opptak på bakgrunn av realkompetanse, meir informasjon om dette finn du på det aktuelle studie.

Debra foto A/S