SCI

SCI er utvikla av arbeidspsykolog Arne Svendsrud, og er eit verktøy for ei strukturert karrieresamtale. Målet er å hjelpe rådsøkjar til å verte meir systematisk kjend med sine ressursar og moglegheiter, basert på tidlegare meistring, personlegdom og verdiar. På bakgrunn av dette vert det enklare å gjere gode val og unngå feilval. Rettleiar og rådsøkjar fyller ut spørjeskjema i lag, og kjem saman fram til konklusjonane i eit eige evalueringsskjema. Ein kan bruke heile SCI, eller velje ut enkelte område å jobbe med.

SCI – A :

      • Biografiske data – meistringsmønster frå tidlegare erfaringar i arbeid og utdanning.
        Kartlegging av personlege eigenskapar basert på Femfaktormodellen( The Big Five ).
        Kartlegging av yrkesverdiar, basert på Edgar H. Scheins modell.
        Kartlegging av arbeidshindringar.
        Kartlegging av motivasjon.

      SCI – S (Skule) :

      SCI - S skil seg frå SCI – A ved at det vert brukt på ungdom i ein skulesituasjon, eller på voksne med lite arbeidserfaring. Innhaldet er derfor noko ulikt. Kartlegginga av arbeidshindringar og motivasjon er ikkje med i SCI – S. SCI – S har ein eigen del der ein tek for seg rettleiingsbehov og yrkesvalmodenheit. 

      Meir informasjon om SCI finn du her.

      Aktuelle lenkjer

      Karriereverktøy.no