Rett til grunnskuleopplæring for vaksne

Debra foto A/S

Er du over opplæringspliktig alder, og treng grunnskuleopplæring, har du rett til slik opplæring dersom du ikkje har fullført 10-årig grunnskule eller tilsvarande tidlegare. Det er bustadkommunen din som har ansvar for å gje deg den opplæringa du manglar på grunnskulenivå. Les meir om grunnskuleopplæring for vaksne.

Rett til vidaregåande opplæring for vaksne

Du kan ha rett til gratis vidaregåande opplæring viss du oppfyller fylgjande kriterie:

  •   fyller 25 år eller meir i inneverande år
  •   har fullført grunnskule eller tilsvarande
  •   ikkje har fullført vidaregåande opplæring
  •   er norsk statsborgar eller har lovleg opphaldsløyve

 
Retten inneber at du har krav på eit opplæringstilbod som fører fram til studie- eller yrkeskompetanse. Opplæringa er gratis, og du får tilgang til naudsynte læremiddel. Søknad om opplæring gjer du på vigo.no - vidaregåande opplæring for vaksne. Du kan søke kontinuerleg, men ynskjer du å starte opplæring frå hausten, må du søke innan 1. mars. Søker du innan 1.september, kan du få opplæringstilbod i januar. Etter at du har sendt inn søknad, vil det bli gjennomført kartlegging og vurdering av kompetansen din, og du vil få rettleiing i korleis du kan nå sluttkompetansen du ynskjer.
Les meir her.

Realkompetansevurdering

Realkompetanse er den kompetansen du har opparbeidd deg gjennom formell opplæring og gjennom å delta i arbeids- og samfunnsliv, ved kurs, bedriftsintern opplæring o.l. Realkompetanse skal vurderast ut frå aktuelle læreplanar for fag i grunn- eller vidaregåande opplæring.

Metodane som er mest brukte, er fagsamtalar om læreplanmåla i faget og vurdering av tidlegare dokumentert utdanning. 

Godkjend realkompetanse er likeverdig med bestått i faget. Du finn meir informasjon om realkompetansevurdering her.

Denne filmen er eit morosamt eksempel på kva realkompetanse kan vere.

Korleis få vurdert realkompetansen din?

Du må søkje gjennom vigo.no for å få vurdert realkompetansen din.

Er du vaksen utan rett til vidaregåande opplæring, har du likevel krav på å få vurdert realkompetansen din. Du må då betale for tenesta sjølv, eller NAV kan betale dersom det er dei som har bedt om ei til slik vurdering. Ta gjerne kontakt med ditt lokale karrieresenter for meir informasjon om realkompetansevurdering, du finn også meir informasjon på vilbli.no