Opplæringstilbod

Opplæringstilbod vert starta etter at søkndene er handsama, og det er vurdert at vaksne med rett til viaregåande opplæring har opplæringsbehov. Dei fleste tilboda startar opp om hausten ved skulestart, men viss det er mange nok søkjarar med rett innan eit fag, kan kurstilbod starte opp på andre tidspunkt, òg. Det er viktig at den vaksne ikkje ventar med å søke til eit kurstilbod startar, da det er ein prosess med rettleiing, kartlegging og vurdering av realkompetanse som må gjennomførast før ein startar på opplæringa. Søknaden til vidaregåande opplæring for vaksne skal registrerast på www.vigo.no - vidaregåande opplæring for vaksne/realkompetansevurdering