Karriere Sogn og Fjordane

Karriere Sogn og Fjordane er eit partnarskap mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og NAV. Partnarane har gjensidige forpliktingar for å nå målsetjingane til Karriere Sogn og Fjordane.

 

Hovudmålsetjinga for partnarskapet er:

  • Gjennomføre eit forpliktande samarbeid om karriererettleiing i eit livslangt perspektiv for alle innbyggjarane i fylket, slik at flest mogleg er i arbeid eller utdanning
  • Gjere det enklare for ungdom og vaksne å finne fram til tilboda om utdannings- og yrkesmoglegheiter både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  • Styrke studie- og yrkesrettleiinga både i grunn- og vidaregåande opplæring, og auke gjennomføring i vidaregåande opplæring
  • Styrke kompetansen for dei som driv med karriererettleiing i grunnskule, vidaregåande opplæring og NAV
  • Styrke samarbeidet om karriererettleiing som verkemiddel inn mot arbeidsmarknadspolitikken

Her er partnarskapsavtalen mellom NAV og fylkeskommunen.

Karrieresenter i Sogn og Fjordane

Andre karrieresenter i Noreg:

Oversikt på Kompetanse Norge