Høgare utdanning

Ein viktig del av det å ta karriereval er å orientere seg om kva som fins av moglegheiter. Det å ta ei utdanning gir eit sterkt fundament å stå på i møte med arbeidslivet.

Det fins mange alternative utdanningsvegar, og det kan virke overveldande og uoversiktleg å orientere seg om kva som fins. Ved å bruke nettet aktivt i søk etter utdanning vil du lettare kunne strukturere og prioritere enkelte utdanningsvegar framfor andre.

Til høgre finn du nyttige lenkjer med informasjon om utdanning på alle nivå i Noreg og utlandet.

Opptakskrav
Søknad og søknadsfristar

Utdanning i utlandet

Det fins mange moglegheiter for å studere og jobbe i utlandet, og eit utanlandsopphald kan ha mange fordelar. Det å lære seg eit nytt språk og auke forståelsen for andre kulturar gjer deg meir attraktiv på arbeidsmarknaden, som etterkvart vert meir og meir internasjonal.

Ein kan ta både vidaregåande og høgare utdanning i utlandet, og det er viktig å bruke tid på å orientere seg om kva moglegheiter som fins dersom dette er aktuelt for deg.  På utdanning.no finn du nyttig informasjon om utdanning i utlandet.

Debra foto A/S