Nyttig å tenkje gjennom før samtala:

  • Kvifor ynskjer du karriererettleiing?
  • Kva forventar du at vi kan hjelpe deg med?
  • Har du vitnemål og attestar?
  • Kva er interessene dine?
  • Kva er du god til?
  • Er det noko som hindrar deg i å komme vidare? (helse, økonomi, mobilitet osv.)


I samtala forventar vi at du:

  • er ærleg og direkte
  • reflekterer over personlegdom, ynskjer og behov
  • er klar for å undersøkje ulike moglegheiter
  • er open for tilbakemeldingar frå rettleiar
  • jobbar med det som er avtalt mellom timane
  • kjem til avtalt tid, eller avbestiller i god tid


Kva du kan forvente av oss:

  • fortruleg og nøytral profesjonell karriererettleiing
  • kartlegging av eigne evner, interesser og verdiar
  • kartlegging av eigen kompetanse
  • refleksjonar og bevisstgjering om eigen situasjon
  • rettar og moglegheiter innan utdanning/arbeid
  • hjelp med cv, søknad og førebuing til jobbintervju
  • samtaletid ca. 1 tim

Debra foto A/S