For rådgjevarar

Karriere Sogn og Fjordane si målsetting er at denne heimesida skal fungere som ein ressursbase for rådgjevarar i grunn- og vidaregåande opplæring. Vi vil her legge ut det vi finn aktuelt for rådgjevarane, t.d. fagstoff, invitasjonar til kurs og konferansar, eller anna informasjon om det som skjer innan karriererettleiingsfeltet nasjonalt, regionalt og lokalt.

Vi tek òg gjerne imot innspel til stoff som rådgjevarane meiner bør vere her, slik at sida vert så brukarvenleg som mogleg.   

Tenester kan vere:

  • Tilrettelegge for nettverksbygging
  • Vere bindeledd for skulane i gjennomføring av utdanningsval
  • Arrangere karrieremesse i samarbeid med NAV, skular og næringsliv
  • Planlegge og gjennomføre kompetansehevande tiltak, som til dømes næringsreiser, bedriftsbesøk, temadagar, kurs og nettverkssamlingar

Kontakt oss dersom du har spørsmål, behov for opplæring eller har andre innspel du vil dele med oss.

Gode eksempel innan DOTS-modellen!

Kva er DOTS? Kort sagt: Det handlar om å lære seg å ta val, vite om moglegheiter, handtere overgangsfaser og å ha sjølvinnsikt. Erik Hagaseth Haug har artiklar om dette på Veilederforum sine sider, der kan du få utfyllande informasjon.       Les om "Hovedelementer i CMS-tenkningen" og om "DOTS-modellen"

Her har vi lagra ein del av DOTS-skjema som vi fekk inn ved siste rådgjevarsamlinga i november 2016. Sjekk ut kva som er gjort i dette gode arbeidet rundt om på skulane i fylke vårt. Her kan du kanskje finne nye idèar, ta ein kikk då vel: