Fag-/sveinebrev for vaksne

Du som er vaksen, kan inngå lærekontrakt som omfattar både

  • Vg3 / opplæring i bedrift i eit lærefag og
  • full eller delvis opplæring i bedrift i programfaga frå Vg1, Vg2 og eventuelt Vg3 i skule som lærefaget byggjer på.

I dei fleste lærefag er den totale læretida på fire år, enkelte fag har lenger læretid. Tidlegare skulegang og praksis i tilknytning til det aktuelle lærefaget kan godskrivast, og dermed redusere læretida.

Dersom du i løpet av læretida har behov for skulegang, skal du normalt fylgje opplæring organisert spesielt for vaksne. Er du vaksen og har tilstrekkeleg dokumentert praksis i eit lærefag for å gå opp til fag- eller sveineprøve som praksiskandidat, kan du ikkje inngå lærekontrakt med ei lærebedrift.

Du kan lese meir om fag-/sveinebrev for vaksne her.

Praksiskandidat

Praksiskandidat er vaksne som har minst 25 % lengre praksistid i eit lærefag enn den fastsette læretida i faget. Praksisen må

  • vere allsidig og dokumentert
  • etter ei samla vurdering dekkje dei mest vesentlege delane av innhaldet i læreplanen for Vg3 / opplæring i bedrift i lærefaget
  • vere godkjend av fylkeskommunen før fag- eller sveineprøva kan avleggjast

Realkompetansevurdering kan ikkje erstatte praksiskravet.

Som praksiskandidat er du friteken for kravet om bestått i fellesfaga for å kunne gå opp til fag- eller sveineprøve, men du må bestå ein eigen eksamen for praksiskandidatar før du kan melde deg opp til fag- eller sveineprøve.

Her finn du ein modell som syner ulike vegar fram til fagbrev som praksiskandidat.


Meir informasjon om praksiskandidatordninga finn du her.

Lærekandidat

Som vaksen kan du òg ta sikte på grunnkompetanse i staden for fag-/sveinebrev. Du kan då teikne opplæringskontrakt med ei lærebedrift. På same måte som ungdom vil du få status som lærekandidat.