Vidaregåande opplæring for vaksne januar 2017

Opplæring vert gjeve i faga: barne- og ungdom, helsefag, service og samferdsel (les meir utfyllande informsjon under foto)

Opplæring1.jpg

 

Oppstart av gratis vidaregåande opplæring for vaksne januar 2017 – barne- og ungdom, helsefagarbeidar og service og samferdsel

 

Sogn og Fjordane fylkeskommune tek sikte på å tilby opplæring i følgjande fag frå våren 2017:

1)      Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfaget – programfaga

Opplæringa her byggjer på vg1, og for å starte på vg2 må du ha gjennomført eit relevant grunnkurs eller vg1(GK helse- og sosial/formgjeving før 2006, vg1 helse og oppvekst/design og handverk etter 2006), eller ha tilsvarande realkompetanse. Du får standpunktkarakterar i faga, og avsluttar med tverrfagleg praktisk/munnleg eksamen.

I tillegg til programfaga, treng du faget yrkesfagleg fordjuping. Dersom du dokumenterer minimum 526 t med praksis frå t.d. barnehage, SFO eller assistent i skule, kan du fritakast frå dette. Dersom du ikkje har nok praksis til å få godkjend faget yrkesfagleg fordjuping, vil du òg få opplæring i det faget i form av utplassering i relevant praksisplass.

2)      Vg2 helsearbeidarfaget – programfaga (Denne opplæringa vert sett i gang med atterhald om tilsetjing av lærar)

Opplæringa her byggjer på vg1, og for å starte på vg2 må du ha gjennomført grunnkurs helse- og sosial frå før 2006, vg1 helse og oppvekst etter 2006, eller ha tilsvarande realkompetanse. Du får standpunktkarakterar i faga, og avsluttar med tverrfagleg praktisk/munnleg eksamen.

I tillegg til programfaga, treng du faget yrkesfagleg fordjuping. Dersom du dokumenterer minimum 526 t med praksis frå t.d. pleie, heimebasert tenester eller liknande,  kan du fritakast frå dette. Dersom du ikkje har nok praksis til å få godkjend faget yrkesfagleg fordjuping, vil du òg få opplæring i det faget i form av utplassering i relevant praksisplass.

Gjeld for begge opplæringane:

Inntakskrav: Fullført relevant vg1, eller realkompetanse

Fysiske samlingar kombinert med nettundervisning – samlingar etter avtale med deltakarane ca. 2-3 gonger/mnd.  Undervisningsstad Skei.

Avsluttast desember 2017

Er du praksiskandidat? Opplæringa i vg2-faga kan òg vere aktuell dersom du har mange års praksis i faget og ynskjer å gå opp som praksiskandidat. Da kan du hospitere i programfaga, og melde deg opp til skriftleg privatisteksamen på Vg3-nivå. Sjå meir om praksiskandidatordninga her

Kva er realkompetanse?

Realkompetanse er den samla kompetansen den vaksne har tileigna seg gjennom arbeidsliv, organsisjonar, fritid osv. Realkompetansevurdering har som føremål å anerkjenne den vaksne sin kompetanse vurdert etter læreplanen for faget, uavhengig av kor og korleis kompetansen er tileigna. Vurderinga vert gjennomført som ein fagsamtale med ein fagperson, der den vaksne får syne kva han/ho kan i høve læreplanmåla i faget.

 

3)      Vg1 service- og samferdsel – programfaga (Denne opplæringa vert sett i gong med atterhald om tilsetjing av lærar)

Opplæringa er grunnlag for vg2 sal, service og tryggleik, vg2 IKT servicefag, vg2 reiseliv og vg2 transport og logistikk. Aktuelle fagbrev kan vere kontor og administrasjonsfaget, salsfaget, logistikkfaget, reiselivsfaget.

 

Du får standpunktkarakterar i faga. Ingen eksamen på vg1-nivå.

I tillegg til programfaga, treng du faget yrkesfagleg fordjuping. Dersom du dokumenterer minimum 210 t med praksis frå relevant vg3-fag, kan du fritakast frå dette. Dersom du ikkje har nok praksis til å få godkjend faget yrkesfagleg fordjuping, vil du òg få opplæring i det faget i form av utplassering bedrift.

Inntakskrav: Norsk grunnskule, eller minimum 9 års grunnskule frå utlandet (eller tilsvarande realkompetanse). Opplæringa vert organisert med fysiske samlingar kombinert med nettundervisning – tidspunkt for samlingane etter avtale med deltakarane, 3-4 gonger/mnd. Undervisningsstad høgst sannsynleg i Florø/Førde-området.

Avsluttast i juni 2017

 

Søknadsfrist for alle tre kursa: 30. desember

 

Søknadsfrist for opplæring i andre fag:

Dersom du ynskjer anna opplæring frå hausten 2017, send søknad innan 1. mars.

 

Alle søknader registrerast elektronisk på www.vigo.no  - Vidaregåande opplæring for vaksne

 

Dersom du har søkt tidlegare, gje oss melding dersom du framleis er interessert!

 

Alle vaksne over 25 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har rett til gratis opplæring spesielt tilpassa vaksne. Vaksne har òg rett til å få vurdert realkompetansen sin.

Vaksne utan rett kan òg få opplæring, så langt det er plass.

 

Ynskjer du meir rettleiing?

Ring telefon: 57638309/57638024