Tilbod om gratis deltidsstudium i karriererettleiing!

Karriererettleiing 30 studiepoeng

Karriererettleiing er ei vidareutdanning for deg som vil vere i forkant av framtidas kompetansekrav på feltet. Dei som har tatt studiet melder at dei har blitt tryggare i jobben, at dei er sikrare på kvaliteten av rettleiinga dei gir, at dei har fått eit breiare sett av arbeidsmetodar og at dei er blitt viktigare i den organisasjonen dei jobbar i. I studiet møter dei mange i same posisjon og får eit større nettverk som dei kan dra nytte av i jobbsamanheng.
Til grunn for studiet ligg føringar i nasjonale og internasjonale styringsdokument om livslang karriererettleiing. Desse føringane seier at betre rettleiing vil kunne optimalisere vegsøkjarane sine mulegheiter til læring, utvikling og deltaking i arbeids- og samfunnsliv, og vil bidra til økt gjennomføring i utdanningssystemet.


Vidareutdanninga er samlings- og nettbasert, går på deltid over eit år (30 studiepoeng) og består av to hovudtema: Karriererettleiing i individperspektiv og Karriererettleiing i systemperspektiv. Studiet er praksisnært. Refleksjon over og utvikling av eigen praksis står sentralt.


Målgruppa for studiet er rådgjevarar og lærarar i grunn- og vidaregåande skule og rettleiarar i NAV. Opptakskrav er 3-årig høgare utdanning. Opptak gjennom realkompetanse kan vurderast.
Oppstart 24. og 25. mars 2017. Samlingane går på Høgskulen på Vestlandet, campus Førde. Studentane betalar ikkje studieavgift, men kostnadar til litteratur på ca. kr. 4.000,- må dekkast av deltakarane.

 

Samlingsdatoar 2017
 24.-25. mars
 12.-13. mai
 1.-2. september
 27.-28. oktober
 1.-2. desember
Samlingsdato 2018
 19.-20. januar
Undervisningstidspunkt er 12-18 på fredagane og 9-15 på laurdagar.

Påmelding innan onsdag 1. mars 2017 på
https://sfj.pameldingssystem.no/deltidsstudium-karriererettleiing
For meir informasjon om fagleg innhald, kontakt førstelektor Inga H. Andreassen, e-post: ihan@hvl.no / tlf. 55 58 57 42.
Administrativ kontaktperson er Bente Hellesen, e-post: bhel@hvl.no, tlf. 55 58 57 61