Jobber du som ufaglært i eit yrke, eller ynskjer du å få vidaregåande opplæring som vaksen? Registrer deg på www.vigo.no, så får du vurdert om du har rett. Enkelte tilbod kan starte opp våren 2018.

Søknadsrutinar for vidaregåande opplæring for vaksne

Alle vaksne over 25 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har ved søknad rett til gratis opplæring spesielt tilpassa vaksne. Dei vaksne har til vanleg rett på opplæring fram til ønska sluttkompetanse. Vaksne har òg rett til å få vurdert realkompetansen sin .

Vaksne utan rett kan òg få opplæring, så langt det er ledig kapasitet.

 Du kan søke vidaregåande opplæring for vaksne heile året på www.vigo.no, men for å bli med i inntaket til kurs som startar om hausten, må du registrere deg innan 1. mars. Registrerer du deg før 1. september, kan du få tilbod om opplæring i januar. Ta gjerne kontakt for rettleiing før du søker - sjå kontaktinfo på www.sfj.no

 Kva kan vi tilby opplæring i?

Generell studiekompetanse

Sogn og Fjordane fylkeskommune startar normalt opplæring i fag til generell studiekompetanse i august, men nokre kan òg starte i januar. Opplæringa er gratis og du får låne lærebøker. Kva fag som vert starta opp, kan variere frå år til år. Nettopplæring i nokre fag kan òg verte tilbydd, desse har kontinuerleg oppstart med privatisteksamen to gonger i året.

Yrkesfag

Opplæring i yrkesfag vert starta etter behov hos søkjarane. Har du jobba i eit yrke, eller har stor interesse for eit fag og manglar formell utdanning, kan du søke. Vaksne søker på den sluttkompetansen dei ynskjer å oppnå, og ikkje på konkrete kurs. Ver førebudd på at søknadsprosessentek noko tid. Kvar søknad vert behandla individuelt,  med kartlegging og eventuell realkompetansevurdering av kvar enkelt for å tilpasse opplæringa best mogleg. Ver derfor merksam på tidsfristane.  Opplæringa er gratis og du får låne lærebøker.

Meir informasjon om vidaregåande opplæring for vaksne og realkompetanse