Næringsreisa 2019

Årets næringsreise – med tema kystnæring – vart arrangert i strålande haustvêr i Flora i slutten av september.

Karriere Sogn og Fjordane arrangerte næringsreisa saman med Opplæringskontoret for Fiskeri- og Havbruksfag (OKFH) og Opplæringskontor for industri- og teknologifag (PRO).

Deltakarane på næringsreisene er rådgjevarar i grunnskule og vidaregåande skule, arbeidslivskontaktar og Nav-tilsette. Målet med arrangementet er å gje dei eit grundig innblikk i kva moglegheiter som finst på både arbeids- og utdanningsfronten ulike stadar i fylket.

TIP og naturbruk

Tema på årets næringsreise var på utdanningsprogramma innan naturbruk  og teknikk og industriell produksjon (TIP):

  • Teknikk og industriell produksjon (TIP): TIP vg1, kjemiprosess vg2, produksjonsteknikk vg2

  • Naturbruk: naturbruk vg 1, akvakultur faget vg 2, maritime fag vg 2, motormann vg3 og matros vg3

    Vi treng lærlingar på begge desse fagområda.

Steinvik+-+bes%C3%B8k+av+r%C3%A5dgjevarar.jpg

Dag 1

Alle deltakarane møtte opp i Eikefjorden på Steinvik Fiskefarm. Der fekk vi omvising av Anne Karin Vassbotn inne på visningssenteret, medan Alex Vassbotn synte oss rundt ute på laksemerdane, og fortalde korleis dei driv heile fiskefarmen.

Turen gjekk vidare til Quality Hotel Flora, som var base for resten av programmet den dagen. Vi fekk  først eit foredrag av Frode Hovland, som er tilsett i næringsavdelinga i fylkeskommunen. Han fortalde om kystnæringa innan oppdrett både i hav og på land, fiske og fangst og om tang og tareproduksjon.

Frode Kjelkenes i Fjord1 fortalte om historia til selskapet, kor mange tilsette dei er, og om samfunnsansvaret dei har. Fjord1 gjer store investeringar på hybridferjer i samband med det grøne skiftet. Dei treng stadig nye både lærlingar og kadettar, som kan fordelast på 35 opplæringsfartya dei har. Informasjon om dette ligg på heimesida til Fjord1.

Det siste som stod på programmet første dagen av næringsreisa var orienteringar frå begge opplæringskontora. Sjå presentasjonane under.


Dag 2

Vi starta hjå H-vinduet Bauge med omvising gjennom heile produksjonen. Der var det mange store og små maskiner, som utfører arbeidsoppgåvene som skal gjerast, under trygg leiing av arbeidarane som styrer alle maskinene (t.d. CNC-maskiner).

Vegen gjekk vidare til Cargill (tidlegare Ewos) som er storprodusent av fiskefôr. Vi fekk ei god gjennomgang av Wilhelm Larsen, som forklarte om heile produksjonen, og at dei stadig har bruk for nye lærlingar.

Havlandet forskningslaboratorium fekk vi omvising av Vibeke Stavang i dei fine nye, lyse lokala dei har fått inne på Fjordbasen. Laboratoriet jobbar med analysearbeid, spesielt innan medisinanalyse av fiskefôr og lusefôr.

Havlandet Marin Yngel arbeider med oppdrett av torsk og berggylte. Vi fekk sjå inn i to hallar, der kjempestore tankar sto med store mengder yngel, som sumde rundt og vart fôra automatisk.

Fjordbase held drifta i gang på det store industriområdet som strekker seg over fire km, og er organisert i to selskap: Saga Fjordbase som jobbar med logistikk og Fjord Base AS som driv som eigedomsselskap.

ITM var siste bedrifta vi besøkte. Dei produserer røyr og gjengar til offshoreindustrien, og det er fleire lærlingar som no har fått seg jobb der. Her fekk vi òg demonstrert ei CNC- maskin.

Fagbrev på programmet

Vi var elles innom ordningane «fagbrev på jobb», som fleire bedrifter og rådgjevarar ville vite meir om, og «vegen til fagbrev», der det er fleire vegar til målet.

Presentasjonar

Lenker frå opplæringskontora

Fiskeri: https://issuu.com/atilaa/docs/fiskeri_flora_magasin/28

Havbruk: https://issuu.com/atilaa/docs/laksifloraogkinn

Havbruk i Sogn og Fjordane: https://issuu.com/atilaa/docs/havbruk_i_sogn_og_fjordane_2ba93ff1910151