Stor påmelding til kompetansehevingstiltak for lærarar som underviser minoritetsspråklege elevar og vaksne.

Nærare 70 deltakarar på kurset: Heilskapleg opplæring for minoritetsspråklege elevar/vaksne med lite skulebakgrunn v/ professor og forskningssjef Berit Berg, NTNU. Det er særleg god påmelding frå lærarar som underviser i den kommunale vaksenopplæringa, saman med lærarar frå vidaregåande opplæring.

Litt om førelesaren:
Berit Berg er professor ved Institutt for sosialt arbeid og helsevitenskap ved NTNU, og forskingssjef ved NTNU Samfunnsforsking. Ho har fagbakgrunn som sosiom og sosiolog, med doktorgrad i sosialt arbeid.

Ho har lang erfaring frå forsking og forskingsleiing av prosjekt innanfor velferds- og utdanningsfeltet, med innvandring, barnevern og sosialfaglege problemstillingar som hovudtema. Ho har evaluert ei rekkje offentlege handlingsplanar og tiltak, deriblant tiltak ovanfor barn og unge. Ho har gjeve ut fleire fagbøker og skrive ei rekkje forskingsrapportar og fagartiklar.

Ho har forska på innvandrarrelaterte problemstillingar sidan tidleg på 1980-talet, og har leia ei rekkje større forskingsprosjekt innanfor området innvandring, integrasjon og mangfald, m.a. i Flora kommune.

 

Påmeldingsfristen er dessverre ute