Ynskjer du å ta utdanning, men er usikker på kva?

  • Ynskjer du å snakke med nokon om jobbsituasjonen din ?
  • Vurderer du å søkje ny jobb, men er usikker på kva moglegheiter du har?
  • Tenkjer du på etterutdanning eller omskulering?
  • Vil du tilbake til arbeidslivet etter nokre år heime?

    Karriererettleiing er profesjonelle samtaler som skal hjelpe personar, uavhengig av alder og tidspunkt i livet, til å ta val når det gjeld utdanning, opplæring og arbeid. Målsettinga er å styrke den enkelte sine refleksjonar, motivasjon og ferdigheiter til å handtere eiga karriere.

    Karriererettleiing er ei frivillig og gratis teneste for alle som ynskjer det. Karriererettleiing kan vere individuelle eller gruppebaserte samtaler.

    Vi kan ikkje gje deg raske løysingar, men saman kan vi sjå på nye moglegheiter. Ynskjer du å rydde i tankane dine om jobb- eller utdanningsval, kan vi bidra som ein støttespelar og samtalepart.

    Vi kan også vere ei støtte i din jobbsøkjarprosess dersom du har spørsmål om CV, søknad og korleis du bør førebu deg til eit jobbintervju.

    Er du elev i grunnskule eller vidaregåande skule, skal du nytte rådgjevar/rettleiiar ved skulen din.