Gratis vidaregåande opplæring for vaksne  - ledige plassar frå hausten 2018

Studieførebuande.PNG

 

Alle vaksne over 25 år som har fullført grunnskule, men ikkje  vidaregåande opplæring, har ved søknad rett til gratis opplæring spesielt tilpassa vaksne. Dei vaksne har til vanleg rett på opplæring fram til ønska sluttkompetanse. Vaksne har òg rett til å få vurdert realkompetansen sin .

Vaksne utan rett kan òg få opplæring, så langt det er ledig kapasitet.

Du søker vidaregåande opplæring for vaksne på www.vigo.no  – vidaregåande opplæring for vaksne/realkompetansevurdering. Alle nye søkjarar vert kalla inn til samtale, m.a. for å kartleggje kva fag kvar enkelt treng.

Under finn du informasjon om dei opplæringstilboda der det er ledige plassar. Dersom du har andre spørsmål knytt til vidaregåande opplæring for vaksne, kan du ringe 57638309 eller 57638024.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har ledige plassar i desse faga:

Fag til generell studiekompetanse – nettbasert med samlingar på ettermiddag

Norsk, matematikk 1PY/2PY, historie,  naturfag, engelsk og samfunnsfag  med undervisningsstad Førde, Eid og Sogndal. Vi tek atterhald om at det vert nok deltakarar til å ha undervisning alle stadene.

Undervisninga er nettbasert med samlingar og avsluttast våren 2019. Det er ei samling ca. kvar tredje veke i kvart fag, og du treng ikkje ta alle faga samtidig, men kan fordele dei over fleire år. Samlingane er på ettermiddagstid, og kan såleis kombinerast med jobb. 

Hafstad vidaregåande skule er ansvarleg for opplæringa. Deltakarane får elevstatus og standpunktkarakterar. Norsk hovudmål har obligatorisk skriftleg eksamen, i andre fag kan du bli trekt ut til skriftleg eller munnleg eksamen.

Viktig: Opplæringa er komprimert og krev god eigeninnsats, i tillegg til god norskkompetanse, digital kompetanse og studieteknikk.

Fellesfag i yrkesfaglege utdanningsprogram

Engelsk, matematikk 1PY, naturfag og samfunnsfag kan òg følgjast av deltakarar som går yrkesfaglege utdanningsprogram. Undervisninga er samordna med tilsvarande fag til generell studiekompetanse, men matematikk og naturfag blir avslutta i november/desember. Ingen fag har obligatorisk eksamen, men deltakarane kan trekkjast ut til eksamen i eitt eller fleire fag.

Alle søknader registrerast elektronisk på www.vigo.no  - vidaregåande opplæring for vaksne/realkompetansevurdering

Frist for å søkje: 1. Mai