Nyhende

Næringsreisa 2019

Årets næringsreise – med tema kystnæring – vart arrangert i strålande haustvêr i Flora i slutten av september.

Karriere Sogn og Fjordane arrangerte næringsreisa saman med Opplæringskontoret for Fiskeri- og Havbruksfag (OKFH) og Opplæringskontor for industri- og teknologifag (PRO).

Deltakarane på næringsreisene er rådgjevarar i grunnskule og vidaregåande skule, arbeidslivskontaktar og Nav-tilsette. Målet med arrangementet er å gje dei eit grundig innblikk i kva moglegheiter som finst på både arbeids- og utdanningsfronten ulike stadar i fylket.

TIP og naturbruk

Tema på årets næringsreise var på utdanningsprogramma innan naturbruk  og teknikk og industriell produksjon (TIP):

  • Teknikk og industriell produksjon (TIP): TIP vg1, kjemiprosess vg2, produksjonsteknikk vg2

  • Naturbruk: naturbruk vg 1, akvakultur faget vg 2, maritime fag vg 2, motormann vg3 og matros vg3

    Vi treng lærlingar på begge desse fagområda.

Steinvik+-+bes%C3%B8k+av+r%C3%A5dgjevarar.jpg

Dag 1

Alle deltakarane møtte opp i Eikefjorden på Steinvik Fiskefarm. Der fekk vi omvising av Anne Karin Vassbotn inne på visningssenteret, medan Alex Vassbotn synte oss rundt ute på laksemerdane, og fortalde korleis dei driv heile fiskefarmen.

Turen gjekk vidare til Quality Hotel Flora, som var base for resten av programmet den dagen. Vi fekk  først eit foredrag av Frode Hovland, som er tilsett i næringsavdelinga i fylkeskommunen. Han fortalde om kystnæringa innan oppdrett både i hav og på land, fiske og fangst og om tang og tareproduksjon.

Frode Kjelkenes i Fjord1 fortalte om historia til selskapet, kor mange tilsette dei er, og om samfunnsansvaret dei har. Fjord1 gjer store investeringar på hybridferjer i samband med det grøne skiftet. Dei treng stadig nye både lærlingar og kadettar, som kan fordelast på 35 opplæringsfartya dei har. Informasjon om dette ligg på heimesida til Fjord1.

Det siste som stod på programmet første dagen av næringsreisa var orienteringar frå begge opplæringskontora. Sjå presentasjonane under.


Dag 2

Vi starta hjå H-vinduet Bauge med omvising gjennom heile produksjonen. Der var det mange store og små maskiner, som utfører arbeidsoppgåvene som skal gjerast, under trygg leiing av arbeidarane som styrer alle maskinene (t.d. CNC-maskiner).

Vegen gjekk vidare til Cargill (tidlegare Ewos) som er storprodusent av fiskefôr. Vi fekk ei god gjennomgang av Wilhelm Larsen, som forklarte om heile produksjonen, og at dei stadig har bruk for nye lærlingar.

Havlandet forskningslaboratorium fekk vi omvising av Vibeke Stavang i dei fine nye, lyse lokala dei har fått inne på Fjordbasen. Laboratoriet jobbar med analysearbeid, spesielt innan medisinanalyse av fiskefôr og lusefôr.

Havlandet Marin Yngel arbeider med oppdrett av torsk og berggylte. Vi fekk sjå inn i to hallar, der kjempestore tankar sto med store mengder yngel, som sumde rundt og vart fôra automatisk.

Fjordbase held drifta i gang på det store industriområdet som strekker seg over fire km, og er organisert i to selskap: Saga Fjordbase som jobbar med logistikk og Fjord Base AS som driv som eigedomsselskap.

ITM var siste bedrifta vi besøkte. Dei produserer røyr og gjengar til offshoreindustrien, og det er fleire lærlingar som no har fått seg jobb der. Her fekk vi òg demonstrert ei CNC- maskin.

Fagbrev på programmet

Vi var elles innom ordningane «fagbrev på jobb», som fleire bedrifter og rådgjevarar ville vite meir om, og «vegen til fagbrev», der det er fleire vegar til målet.

Presentasjonar

Lenker frå opplæringskontora

Fiskeri: https://issuu.com/atilaa/docs/fiskeri_flora_magasin/28

Havbruk: https://issuu.com/atilaa/docs/laksifloraogkinn

Havbruk i Sogn og Fjordane: https://issuu.com/atilaa/docs/havbruk_i_sogn_og_fjordane_2ba93ff1910151

Sommarferie!



Ferie!

Frå 8. juli startar vi i Karriere Sogn og Fjordane med ferieavvikling. Vi har redusert bemanning i veke 28 og 29. 

I veke 30 og 31 har vi stengt.  Det vert også redusert bemanning i veke 32 og 33.

Frå veke 34 er vi tilbake for fullt!

Dersom du ynskjer karriererettleiing, kan du registrere deg på nettsida vår, så tek vi kontakt når vi er attende etter ferien.



Vi i Karriere Sogn og Fjordane ønskjer alle ein strålande sommar!


Sommarkveld Foto: S.K.Flekke

Sommarkveld Foto: S.K.Flekke







Vi har fått prosjektmidlar !

Karriere Sogn og Fjordane har fått 300 000 kroner frå Kompetanse Norge til eit prosjekt som skal løfte kompetansen innan handelsnæringa i Førde.

Amfi, Elvetorget og Coop Nordvest har til saman rundt 700 tilsette i Førde. Dei deltek i prosjektet som er sett i gang av Karriere Sogn og Fjordane i samarbeid med NAV, Sunnfjord utvikling, Førde industri og næring og PRO Vestland opplæringskontor.  

Målet er å auke kompetansen for dei som jobbar i butikkyrket og ikkje har fagbrev.  

– Det er gledeleg at fleire, gjennom ordninga, kan få dokumentert sin kompetanse i salsfaget. Salsfaget har mange arbeidsplassar, og særleg positivt er det at ordninga kan høve for tilsette med både kort og lang arbeidspraksis, seier fylkesdirektør for opplæring Bekka Skaasheim.

Startar med kurs over sommaren

Prosjektet vil våren 2019 kartlegge kompetansen til deltakarane og informere om korleis dei kan ta ei målretta formell opplæring. Prosjektet vil motivere deltakarane til gjennomføring og bevisstgjere næringslivet på verdien av faglært arbeidskraft. I august 2019 vil ein starte opp med eksamensførebuande kurs for tilsette, kombinert med oppfølging på arbeidsplassen. 

Deltakarane i samarbeidet ser positivt på prosjektet for mellom anna å styrke statusen til salsfaget, styrke Førde sin posisjon som handelssenter i Vestland fylke, etablere tettare nettverk mellom næringslivet og utdanningsinstitusjonane, og å kunne gje ei målretta formell opplæring til den enkelte. 

Foto: Karriere Sogn og Fjordane

Opplæring for vaksne 2019

Kan det vere eit opplæringstilbod som høver for deg??

• Har du lang yrkeserfaring innan eit fag, men manglar formell kompetanse?
• Ynskjer du høgskuleutdanning, men manglar studiekompetanse?
• Måtte du avbryte vidaregåande skule som ung, og ynskjer å fullføre?
• Ynskjer du å få fagbrev, yrkeskompetanse eller studiekompetanse, men er over 25 år?

Då kan vidaregåande opplæring for vaksne vere aktuelt for deg. I boksane under kan du finne ut om du har vaksenrett og få generell informasjon om opplæring for vaksne. Du kan også ringe servicetelefonen vår og få den første rettleiinga.

Ring servicetelefon 404 30 100 måndag–torsdag kl. 12.00–14.00

Du kan òg sende spørsmål til e-post vaksen@sfj.no 

Sjå opplæringtilboda her: http://www.sfj.no/vaksen.334869.nn.html

Nytt tilbod for vaksne som ynskjer rettleiing om opplæring.

Ny teneste for vaksne som ynskjer rettleiing om opplæring

Måndag 17. september opnar Sogn og Fjordane fylkeskommune servicetelefon for vaksne over 25 år.

Tenesta er for vaksne som ynskjer rettleiing om vidaregåande opplæring for vaksne, praksiskandidatordninga, fagbrev for vaksne, karriererettleiing, godkjenning av tidlegare og utanlandsk utdanning og realkompetansevurdering.

Alle vaksne som ynskjer rettleiing eller informasjon om desse spørsmåla, må ringe tlf. 404 30 100, opningstid måndag – torsdag kl. 12.00 – 14.00. Her vil ein få svar på spørsmål og rettleiing vidare.

Dersom ein ynskjer kontakt utanom opningstidene, kan ein nytte e-post vaksen@sfj.no

Sommaren 2018

Ferie!

Frå 2. juli startar vi i Karriere Sogn og Fjordane med ferieavvikling. Vi har redusert bemanning i veke 27 og 28. I veke 29 og 30 har vi stengt.  

Dersom du ynskjer karriererettleiing etter ferien, kan du registrere deg her på sida vår, så tek vi kontakt.

Frå veke 32 er vi tilbake for fullt!

Vi i Karriere Sogn og Fjordane ønskjer alle ein strålande sommar!

 

 Rododendron                                            Foto: S.K. Flekke

 Rododendron                                            Foto: S.K. Flekke

                             

Gratis vidaregåande opplæring for vaksne  - ledige plassar frå hausten 2018

Studieførebuande.PNG

 

Alle vaksne over 25 år som har fullført grunnskule, men ikkje  vidaregåande opplæring, har ved søknad rett til gratis opplæring spesielt tilpassa vaksne. Dei vaksne har til vanleg rett på opplæring fram til ønska sluttkompetanse. Vaksne har òg rett til å få vurdert realkompetansen sin .

Vaksne utan rett kan òg få opplæring, så langt det er ledig kapasitet.

Du søker vidaregåande opplæring for vaksne på www.vigo.no  – vidaregåande opplæring for vaksne/realkompetansevurdering. Alle nye søkjarar vert kalla inn til samtale, m.a. for å kartleggje kva fag kvar enkelt treng.

Under finn du informasjon om dei opplæringstilboda der det er ledige plassar. Dersom du har andre spørsmål knytt til vidaregåande opplæring for vaksne, kan du ringe 57638309 eller 57638024.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har ledige plassar i desse faga:

Fag til generell studiekompetanse – nettbasert med samlingar på ettermiddag

Norsk, matematikk 1PY/2PY, historie,  naturfag, engelsk og samfunnsfag  med undervisningsstad Førde, Eid og Sogndal. Vi tek atterhald om at det vert nok deltakarar til å ha undervisning alle stadene.

Undervisninga er nettbasert med samlingar og avsluttast våren 2019. Det er ei samling ca. kvar tredje veke i kvart fag, og du treng ikkje ta alle faga samtidig, men kan fordele dei over fleire år. Samlingane er på ettermiddagstid, og kan såleis kombinerast med jobb. 

Hafstad vidaregåande skule er ansvarleg for opplæringa. Deltakarane får elevstatus og standpunktkarakterar. Norsk hovudmål har obligatorisk skriftleg eksamen, i andre fag kan du bli trekt ut til skriftleg eller munnleg eksamen.

Viktig: Opplæringa er komprimert og krev god eigeninnsats, i tillegg til god norskkompetanse, digital kompetanse og studieteknikk.

Fellesfag i yrkesfaglege utdanningsprogram

Engelsk, matematikk 1PY, naturfag og samfunnsfag kan òg følgjast av deltakarar som går yrkesfaglege utdanningsprogram. Undervisninga er samordna med tilsvarande fag til generell studiekompetanse, men matematikk og naturfag blir avslutta i november/desember. Ingen fag har obligatorisk eksamen, men deltakarane kan trekkjast ut til eksamen i eitt eller fleire fag.

Alle søknader registrerast elektronisk på www.vigo.no  - vidaregåande opplæring for vaksne/realkompetansevurdering

Frist for å søkje: 1. Mai

Fagsamling for rådgjevarar i grunn-og vidaregåande skule.

Den 24. og 25. april vert det fagsamling for rådgjevarane i grunn- og vidaregåande skule. Samlinga er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Karriere Sogn og Fjordane og Rådgjevarforum. Samlinga vert på Hotell Alexandra i Loen. Det er to tema. Første dag vert tema psykisk helse i skulen. Andre dagen har vi hovudfokus på karriererettleiing.

Photo by SyhinStas/iStock / Getty Images

Photo by SyhinStas/iStock / Getty Images

Her ligg presentasjonane frå fagsamlinga den 24. og 25. april:  

Forandringsfabrikken       (vi fekk ikkje presentasjon frå dei, men legg ved lenkja)

Arne Holte sin presentasjon kan sendast på e-post til dei som ynskjer det, den vart for stor (402 sider i PDF- format) til å laste opp på sida vår.

Inga Andreassen

Karriere Sogn og Fjordane, kontoret i Førde, er flytta til Storehagen Atrium!

Du er velkommen til Karriere Sogn og Fjordane,  på det nye kontoret i Førde, i Storehagen Atrium!

 

adressa er Storehagen 1 B, Førde, 3. etasje ved opplæringsavdelinga.

Vi vil vere stasjonert der frå den 21. februar 2018. 

Inngang på begge sider av bygget.

Bestilling av time gjer du her

 

Storehagen Atrium

Storehagen Atrium

Foto:  Ralston & Bau      Følg den oransje fargen opp til 3. etg. så til venstre, til du ser ein "rollup" med Karriere Sogn og Fjordane!

Foto:  Ralston & Bau      Følg den oransje fargen opp til 3. etg. så til venstre, til du ser ein "rollup" med Karriere Sogn og Fjordane!

Foto: S.K. Flekke   

Foto: S.K. Flekke

 

       Helsing Siv

       Helsing Siv

Gratis vidaregåande opplæring for vaksne

Eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

 

Gratis vidaregåande opplæring for vaksne

Med atterhald om nok deltakarar, vert det starta praksiskandidatkurs i barne- og ungdomsarbeidarfaget. 

Undervisningsstad Førde/Skei, ca 1- 2 dagar i mnd.   Oppstart januar/februar 2018

Kurset høver for deltakarar med lengre arbeidspraksis i faget, og er retta mot praksiskandidateksamen hausten 2018. Denne dekker den teoretiske delen av fagprøva.

Ta kontakt med Svein Morten Søreide, Mo og Øyrane vidaregåande skule , tlf  57637307/41530905 for nærmare informasjon.

 Alle må søkje elektronisk på www.vigo.no  - vidaregåande opplæring for vaksne

Søknadsfrist 20. januar

Andre fag:

Dersom du ynskjer meir informasjon om moglegheiter og tilbod i vidaregåande opplæring for vaksne, gå inn på www.sfj.no/vaksen , eller ring 57638000 for nærare rettleiing.

 

Godt nyttår frå Karriere Sogn og Fjordane!

Vi vil minne om Chat-funksjon på heimesida vår og at vi har tilbod om gratis karriererettleiing!

Du kan ta kontakt med  karriererettleiar via chat funksjon. Vi har ei opningstid frå kl 09.00-15.00 måndag, tysdag, torsdag og fredag. Om du opplever at du ikkje får svar med det same kan du legge att epostadr. eller mobilnr. eller du kan kontakte oss via registreringa på  heimesida.

Nytt tilbod på Firda vidaregåande skule!

Dette er historisk, eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, NAV og den offentlege tannhelsetenesta skal gje eit tilbod om utdanning til kommande tannhelsesekretærar. Dette skal skje gjennom teori og praksis og er tilrettelagt spesielt for minoritetsspråklege. 

Tannhelsesekretærar.PNG

Ferieavvikling!

Ferieavvikling!

Frå 2. juli startar vi i Karriere Sogn og Fjordane med ferieavvikling. Vi har redusert bemanning i veke 27 og 28. I veke 29 og 30 har vi stengt.  Frå veke 32 er vi tilbake for fullt!

Vi i Karriere Sogn og Fjordane ønskjer alle ein strålande sommar!

 

                               Rododendron                                         Foto: S.K. Flekke