Næringsreisa 2017

Næringsreisa 2017

Flott vêr var med å gjere den årlege Næringsreisa til Karriere Sogn og Fjordane til ein suksess. Årets reise gjekk til Sogn, og deltakarane fekk sjå nærare på arbeids- og utdanningsmoglegheitene der.

Deltakarane på næringsreisene er rådgjevarar i både grunnskule og vidaregåande, arbeidslivskontaktar og Nav-tilsette. Målet er å gje dei eit grundig innblikk i kva moglegheiter som finst på både arbeids- og utdanningsfronten ulike stadar i fylket.

Starta i Sogndal

Næringsreisa i år hadde fleire ulike tema, og først ute var studieførebuande utdanningsprogram og kva ein kan studere ved Høgskulen på Vestlandet (Førde og Sogndal). Åse Neraas på høgskulen orienterte og svara på spørsmål som rådgjevarane hadde kring dei ulike studia. Deretter vart det omvising på store delar av høgskulen ved Neraas og Turid Mølmesdal, før besøket vart avslutta på karrieresenteret høgskulen har for sine studentar.

Skulane ligg tett i Sogndal, og deltakarane på næringsreisa tok også turen innom Sogndal vidaregåande skule. Der viste rådgjevar Jarle Flo rundt i dei flotte verkstadar og klasserom.

Industribesøk i Årdal

Turen gjekk så vidare til Årdalstangen og Klingenberg Hotell for middag, før Anne Kauppi i Sogn opplæringskontor presenterte arbeidet sitt. Det var ein god presentasjon av kva som blir gjort for lærlingar, korleis dei skaffar lærlingplassar og om samarbeidet med bedriftene. (Sjå presentasjon under.)

Dag to var sett av til vitjing hjå Hydro og Norsun. På Årdalstangen fekk deltakarane først informasjon om tryggleik, før omvisarane tok dei til Øvre Årdal og gjennom dei store produksjonshallane på Hydro Aluminium Årdal Metallverk. Dei fekk sjå karbon-, elektrolyse- og støyperiavdelingane. 

Treng fagarbeidarar

Norsun produserer solsellepanel, og næringsreisa gjekk også gjennom dei flotte produksjonshallane deira. Verksemda ser lyst på framtida til bedrifta og har planar om å utvide. Det betyr behov for ny kompetanse og arbeidskraft i tida framover.

Både Hydro og Norsun orienterte om kva fagarbeidarar dei treng, og kva utdanning dei som vert tilsette bør ha. Bedriftene har eit godt samarbeid med Sogn opplæringskontor gjennom korleis dei arbeider med rekruttering av lærlingar og læreplassar.

Karriere Sogn og Fjordane er fylkeskommunen sitt karrieresenter og jobbar tett med Nav Sogn og Fjordane.

Presentasjonar