Artig øving på næringsreisa 2015

Deltakarane på næringsreisa som Karriere Sogn og Fjordane arrangerte vart godt motteken. Dette var ei populær praktisk øving, å lage båt som var printa ut i 3D-printer. 

Godt gjennomført næringsreise

Båtbygging, trailerkøyring og ulike bedriftsbesøk stod på programmet då rådgjevarar, lærarar, NAV-tilsette og arbeidslivskontaktar var på reise i Sunnfjord og HAFS denne veka.

– Vi hadde ei svært vellukka næringsreise tysdag og onsdag. Til saman 32 deltakarar var med, og det var kamp om plassane. Vi fekk eit godt innblikk i kva moglegheiter som finst i næringslivet i desse regionane, og deltakarane fekk også godt høve til å snakkast og lære av erfaringar dei hadde med seg frå før, seier Siv Kristin Flekke i Karriere Sogn og Fjordane.

Næringsreisa er eit årleg arrangement i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune ved rådgjevingstenesta Karriere Sogn og Fjordane. I år var reisa eit samarbeid med opplæringskontora for transport og logistikk (SOTIN) og teknikk og industriell produksjon (PRO).

Nyttig å møte næringslivet

Næringsreisa starta i Førde, i Concordbygget, der begge opplæringskontora held til. Der var det informasjon ved bedriftene Firda Billag i Førde og Tenden Transport i Stryn. Transportfagslærar ved Mo og Øyrane, Reidar Svalheim, og leiar ved PRO-opplæringskontoret, Jorunn Eide Kirketeig, deltok også med orienteringar.

Merete Bruland Andersen er tilsett på NAV i Førde og deltok i år på si andre næringsreise. Ho ser dette som ei gyllen moglegheit til å bli kjend med næringslivet i fylket. 

– Eg jobbar berre mot næringslivet, og det er viktig å kjenne arbeidsgjevarane like godt som brukarane for å drive eit godt oppfølgingsarbeid. På denne reisa var vi mellom anna innom Trappeprodusenten i Askvoll, ei bedrift eg ikkje kjende noko særleg til frå før, men som det er veldig nyttig å ha kjennskap til, seier Andersen. 

Praktiske øvingar

Etter bedriftspresentasjonane vart deltakarane delte inn i tre grupper for praktiske øvingar. Alle fekk prøve seg på å lage ein liten båt, i regi av PRO-opplæringskontoret. I tillegg stilte SOTIN-opplæringskontoret trailer-simulatoren sin til rådigheit.

Sjå båtane i aksjon: https://www.flickr.com/photos/sffk/21582289696/in/album-72157658516881340/ 

– Den praktiske sekvensen var veldig populær. Det var artig og lærerikt med både båtbygging og trailerkøyring. Rådgjevarane i både grunnskule og vidaregåande skule fekk då prøve seg i fagområde som kan vere aktuelle for elevane dei har kontakt med. Det trur eg er ei god øving, seier Flekke i Karriere Sogn og Fjordane.

Næringsreisa vart avslutta onsdag 16. september med besøk til Trappeprodusenten i Askvoll, Havyard i Leirvik og Nistad transport i Sande – tre bedrifter som er svært ulike i både innhald og storleik.